Fellesforbundet i LO gjekk ikkje inn for utmelding av EØS, men vil ha ei offentleg utgreiing om EØS-avtalen. Vedtaket peikar på at EØS-avtalen har skapt ei rekke problem i den norske arbeidsmarknaden slik som sosial dumping og lågtlønskonkurranse. Men vedtaket seier ikkje at målet er å melde Noreg ut av EØS.