Skip to main content
 

Fellesforbundet vil ha lønnshopp for utlendingar i åkeren

27. oktober 2020

Når lønnsoppgjeret for tilsette i jordbruk og gartneri startar, har forbundet med seg ei rekke krav for å rydde opp i luselønn og sosial dumping. Det første kravet forbundet trekker fram, er å fjerne minstelønnssatsen for ferie- og innhaustingshjelp sånn at dei får same minstelønn som fast tilsette.

Minstelønna er i dag 123,15 kroner for sesongarbeidarane, mens fast tilsette har krav på 143,05 kroner.

– Det er eit skille i dag som er heilt unaturleg, at ein som kjem utanfrå skal ha lågare lønn fordi vedkommande ikkje bur i Norge og er inne som mellombels tilsett eller sesonghjelp over ein kort periode, seier forhandlingsleiar Arvid Eikeland.

Eit anna krav fra forbundet er eit samarbeid mellom partane i arbeidslivet og regjeringa mot useriøsitet og sosial dumping i næringane.

I dag overleverte Fellesforbundet krava sine i forhandlingane med NHO Mat og Drikke om årets tariffoppgjer for tilsette i jordbruk og gartneri.

Les hele saken: Lønnsoppgjeret for tilsette i jordbruk og gartneri: Lønnshopp for utlendingar i åkeren: Sånn vil Fellesforbundet rydde opp i landbruket (FriFagbevegelse, 27.10.20)

 

 
Nyhet