– Vi syns det er synd at dei fattar eit sånt vedtak. Vi opplever at det framleis er rom for å finne løysingar saman med Fellesforbundet, seier bransjedirektør Even Hagelien (bildet) i NHO Service og Handel.
– Eg håper vi kan fortsette den gode dialogen og unngå at det blir ein diskusjon rundt avvikling av eller forbod mot bemanningsbransjen, seier adm.dir Espen Hem Jakobsen i bemanningsbyrået Jobzone. – Det einaste vi kan gjere er å sørge for at dei som jobbar for oss får ordentlege kontraktar og gode arbeidsvilkår. Norsk arbeidsliv treng bemanningsbransjen, seier Jobzone-sjefen.
Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) har overfor FriFagbevegelse avvist ei avvikling av bransjen.
Les hele saken Fellesforbundet vedtok å strupe bemanningsbransjen. Slik svarer NHO (FriFagbevegelse, 24.10.19)