Fiskarar frå Litauen meiner det er brot på EØS-avtalen når Noreg nektar dei å fiske snøkrabbe. EFTAs overvakingsorgan ESA avviser klagen. - ESA har ingen grunn til å ta denne klagen vidare ettersom EØS-avtalen tillèt nasjonale restriksjonar i fiskerisektoren, seier ESA-president Sven Erik Svedman.