Skip to main content
 

Debatt: – Norske lønns- og arbeidsvilkår på sjøen må på plass no

09. desember 2024

– Dette er ei sak som ikkje berre handlar om rettferd, men om å sikre den norske arbeidslivsmodellen, hindre sosial dumping og gi arbeidstakarar verdige vilkår, skriv Christian Hetty, leiar av Sjømannsforbundet Ung og Sandra Tenud, leiar av AUF sitt Skule- arbeid- og boligutval.

Dei to skriv at det er positivt at Arbeidarpartiregjeringa er for krav om norske lønns- og arbeidsvilkår i norske farvatn og på sokkelen, styrking av verftspolitikken og satsing på grøn skipsfart.

– Vi krever at Arbeiderpartiet ikkje berre vil, men gjennomfører desse endringane. Vi kan ikkje vente til etter valet. Sjøfolk har allereie venta altfor lenge på at regjeringa skal innfri løftet om at norsk lønn skal gjelde i norske farvatn, skriv Hetty og Tenud.

– EØS-avtalen må ikkje bli ei unnskyldning for å utsette dette viktige arbeidet. Vi forventar at regjeringa står opp for norske arbeidstakarar og nyttar dialogen med ESA til å sikre at forslaget kjem gjennom, meiner dei.

Nyhet