Skip to main content
 

Bergen utan overnattigstilbod for fattige tilreisande

01. november 2022

I ni år har Kirkens Bymisjon tilbydd overnatting for fattige europearar i Bergen. For 15 kroner natta har romanske Valeriu og andre fattige tilreisande fått ei tørr og varm seng. Men frå og med 1. november blir tilbodet lagt ned.

Tilbodet har vore i fare lenge, seier avdelingsleiar i Kirkens Bymisjon, Kristine Moskvil Thorsen.

– Det handlar om meir enn at folk må sitte på ein benk og fryse om natta. Det er sårbare menneske, som lett kan bli utnytta.

Thorsen er bekymra for at fleire kan bli utsett for prostitusjon eller menneskehandel.

– Ingen skal måtte sove ute i Bergen.

Beskjeden er klar frå inkluderingsbyråd Katrine Nødtvedt (MDG) i Bergen.

Likevel har ikkje kommunen klart å etablere eit nytt tilbod for Valeriu og dei andre brukarane.

Les hele saken: Legger ned overnattingstilbod: Valeriu må sove på gata i natt (NRK Vestland, 01.11.22)

 
Nyhet