Norske styresmakter kallar au pair-ordninga for kulturutveksling. I realiteten er au pairane profesjonelle hushjelper med ei løn ned mot 69 kroner i timen, hevdar forskarar. Au pair-ordninga set kvinnelege arbeidsmigrantar i ein svært sårbar situasjon, ifølgje jurist Lene Løvdal.