Skip to main content
 

A-krim: 83 prosent av sakene blei lagt bort utan at nokon blei straffa

13. oktober 2023

– Altfor mange politisaker om kriminalitet i arbeidslivet endar i skuffen, sier Rune Bård Hansen, lagdommar og tidlegare politimeister i Vestfold.

Hansen meiner å ha svar på korleis få ned bortleggingsraten: Politiet må slutte å gjere sakene meir komplekse enn nødvendig for å reagere med følbar straff. I mange tilfelle bør dei nøye seg med å slå hardt ned på opplagde og lett bevislege lovbrot.

– Det er lettare å sjå at eit stillas er rustent, enn at ein gjestearbeidars pass er forfalska. Ved å slå til mot dei som ikkje tek tryggleik på alvor, vil ein kunne ramme firma som utnyttar arbeidarar også på andre måtar, seier Hansen.

I sommar publiserte NRK granskinga si av politisaker om arbeidsmiljø. Altså saker om ulykker på jobben, ulovleg lange dagar eller manglande lønn. Granskinga viste at 83 prosent av sakene blei lagt bort utan at nokon blei straffa.

Stortingsrepresentant Mímir Kristjánsson (Raudt) ville ha justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) ut på bana. For politiet, det er justisministerens bord.

Dette var spørsmåla:

  • 83 prosent – er ho bekymra over det talet?
  • Kva for nokre konkrete tiltak vil ho sette i gang?
  • Vil ho øyremerke middel til politiarbeidet med desse sakene?

I dei 343 orda i svaret hennar, finst det ikkje eitt ord om bortleggingar. Ho seier ingenting om ho er bekymra eller ei. Øyremerking av pengar er ikkje nemnt.

– I svaret peikar eg på at regjeringa har ein handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Og at vi vil legge fram ei stortingsmelding om økonomisk kriminalitet. Det er jo direkte svar på spørsmålet om kva tiltak eg set i verk, meiner justisministeren.

Nyhet