Skip to main content
 

42 polske arbeidarar skal ha blitt utnytta

10. oktober 2022

Ein mann skal ha utnytta polske arbeidarar på fleire norske gardar i Vik i Sogn. Julia Gałczyńska fortel om lange arbeidsdagar og dårlege buforhold då ho jobba for mannen i 2019.

Det var i 2019 at mannen frå Polen blei arrestert av politiet i Vik.

Mannen i 50-åra skal ha formidla 42 polske sesongarbeidarar til bønder i Sogn. Ifølge tiltalen som Riksadvokaten beordra, jobba dei under særs dårlege forhold.

Løna skal ha vore «vesentleg lågare» enn tariffesta løn. Dei skal også ha jobba meir enn 40 timar per veke og utan fri i helgane.

Ifølge tiltalen var buforholda dårlege, og garderobeforholda mangelfulle. Arbeidarane delte også rom og seng.

Mannen risikerer fengsel, bøter og erstatningskrav frå arbeidarane. Påtalemakta vil også inndra 851.154 kroner som dei meiner er vinninga mannen har hatt.

Kine Asper Vistnes i Fellesforbundet seier det er ei viktig sak som kjem for retten i mars neste år. – Det er ikkje meininga at folk skal bli utnytta på denne måten i norsk arbeidsliv i dag, seier ho.

Les hele saken: Julia og 41 andre bærplukkarar skal ha blitt utnytta: – Det var veldig dårlege arbeidsforhold (NRK Vestland, 10.10.22)

 
Nyhet