Skip to main content
 

170 dansk-utdanna legar varaslar søksmål mot staten

16. august 2023

170 legar og studentar med dansk medisinutdanning meiner den norske stat krev eitt år dobbeltarbeid av dei. Legegruppa bak søksmålet meiner dagens ordning er i strid med EØS-regler om fri flyt av arbeidskraft. Departementet er ikkje einig.

Eit grunnprinsipp i EØS-avtalen er at arbeidstakarar har rett til å reise fritt over landegrenser og til å utføre yrket sitt i andre land.

Ifølge professor Tarjei Bekkedal ved Senter for Europarett ved UiO, krev prinsippet at Noreg godkjenner utdanninga og yrkeserfaringa frå andre land – om den er samanliknbar med kvalifikasjonar frå Noreg.

– Den trenger ikkje vere identisk, men må vere god nok, seier Bekkedal.

Han meiner dei rettslege grunnreglane er på legane si side, men presiserer at det krevjast ein konkret vurdering av om kvalifikasjonane deira er samanliknbare.

Nyhet