Skip to main content
 

Utanlandske selskap har teke over all bygginga av store kraftlinjer

07. desember 2022

Dei siste 20 åra er alle norske høgspentlinjer i sentralnettet bygd av utanlandske selskap. Totalt er det kontraktar til fleire milliardar kroner.
 
– Å bruke billige utanlandske aktørar vil sannsynlegvis koste meir enn det smaker i framtida, seier næringspolitisk rådgivar i Energi Noreg, Jørgen Thaule.

– Det er eit tankekors at vi har gjort oss avhengige av utanlandske leverandørar, og heilt sett bort frå å designe kontraktar som gjer at norske entreprenørar kan delta i utbygginga av sentralnettet, seier Thaule-

Stortingsrepresentant Ola Elvestuen (V) sende tysdag eit skriftleg spørsmål til energiminister Terje Aasland (Ap) der han spør korleis statsråden vil sikre at Statnett bidreg til å utvikle den norske kompetansen for sentralnettet.

– Det er alvorleg at kompetansen har vorte bygd ned i Noreg. Situasjonen i Europa viser kor viktig kritisk infrastruktur er, og kor viktig det er å ha ein god beredskap, seier han.

NRK har vore i kontakt med Olje- og energidepartementet, men har førebels ikkje fått svar.

I Hurdalsplattforma skriv Støre-regjeringa at «anskaffingar må utformast og tilpassast slik at norske bedrifter kan delta i konkurransen».

– For oss er det eit viktig punkt, seier Erling Sande, som er stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Les hele saken: Utanlandske selskap har teke over all bygginga av store kraftlinjer (NRK Vestland, 07.12.22)
  

 
Nyhet