Skip to main content
 

Mange endringsframlegg til direktivet om minstelønningar

09. juni 2021

Europaparlamentet har 918 endringsframlegg til utkastet til direktiv om tilstrekkelege minstelønningar i Europa. Det er brei støtte til intensjonane bak framlegget og dei fleste politiske gruppene støttar også innføring av eit direktiv om minstelønningar. Samstundes er det ein del som framleis meiner det juridiske grunnlaget ikkje er godt nok avklart eller som er urolege for korleis eit direktiv vil påverke arbeidslivsmodellane i mellom anna Danmark og Sverige.

Saksordførarane kom med sine endringsframlegg i april, jf. også omtale i Stortingets EU/EØS-nytt 23. april i år. Nå er også endringsframlegga til dei andre medlemmane av Europaparlamentet lagt fram. Desse omfattar alt frå framlegg om å avvise heile direktivet til framlegg som går lengre enn Kommisjonen. Fleire har til dømes gjort framlegg om å auke kravet til dekningsgrad til 90 prosent slik også saksordførarane ynskjer. Ved ein lågare dekningsgrad må styresmaktene sette i verk tiltak for å auke dekningsgraden.

 
Nyhet