Riksmeklaren har kalla inn Fellesforbundet og arbeidsgivarane i NHO-foreininga Byggenæringens Landsforening (BNL) til såkalla frivillig mekling før Fellesforbundet kan sette i verk ein streik.
Årets tariffoppgjer i byggebransjen er omtalt som spesielt vanskeleg, og striden står blant anna om høgare minstelønn og meir bruk av lønnssystemet akkord.
Fristen for å bli einige er klokka 24 måndag 4. april.
Les hele saken: Lønnsoppgjeret 2022: Over 16.000 bygningsarbeidarar kan legge ned arbeidet tysdag. I desse bedriftene kan det bli streik (FriFagbevegelse, 31.03.22)