Skip to main content
 

4 av 5 Sp-ordførarar er positive til innvandring. Men sentralt har partiet ein annan politikk

10. september 2021

I mange år gjekk folketalet i landets minst sentrale kommunar jamt nedover. Men i 2004 snudde det. «Redninga» kom frå Aust-Europa, via Brussel. Senterpartiets politikk legg opp til «meir kontrollert» innvandring. Det kan føre til folkenedgang i norske bygder.

– Det er utruleg mange flinke arbeidsinnvandrarar, og det kjem me til å trenge framover. Men det me ønskjer er ein meir regulert arbeidsinnvandring, slik at det også vert betre solide og skikkelege arbeidsvilkår for dei som har praktiske jobbar, seier Trygve Slagsvold Vedum.

Han gjentek den same bodskapen når han vert bedt om å sjå nærare på statistikken, som viser at folketalsnedgangen stansa opp etter EU-utvidinga i 2004.

Det er delte meiningar om EØS internt i Senterpartiet, og på landsmøtet tidlegare i år mjukna partiet litt opp ved å seie at det skal på plass ein ny avtale, før den eksisterande eventuelt vert sagt opp.

Det er ikkje kjent om denne alternative avtalen er tenkt å opne for fri arbeidsinnvandring frå EU-land, men ifølge Vedum vil norske bygder også i framtida vere avhengige av arbeidsinnvandring.

Les hele saken: 4 av 5 Sp-ordførarar er positive til innvandring. Men sentralt har partiet ein annan politikk (NRK, 10.09.21)

 
Nyhet