Skip to main content
 

Flygerforbundet skuldar staten for sosial dumping etter avtale med dansk selskap

02. juli 2021

Det danske flyselskapet DAT byrja denne veka å fly mellom Oslo og Florø. Eit litauisk dotterselskap står for operative drifta. Norsk Flygerforbund krev at staten annullerer kontrakt med det danske flyselskapet. Opposisjonen vil ta opp saka med samferdselsministeren.

– Dette er sosial dumping, subsidiert av norske skattekroner, seier leiar for yrkesorganisasjonen Norsk Flygerforbund, Yngve Carlsen.

Det danske flyselskapet DAT vann kontrakten saman med eit litauisk dotterselskap. Det er dotterselskapet som drifter propellflya og skal fly strekninga.

Bemanninga vil vere ein kombinasjon av danske og europeiske tilsette med base i høvesvis Danmark og Litauen.

Leiaren i Norsk Flygerforbund meiner staten opnar for «ein heilt ny praksis» når dei gir tommelen opp for «kreativ rigging» som den dansk/litauiske løysinga.

– Med denne tolkingsendringa opnar staten slusene på vidt gap for å importere litauiske arbeidsvilkår til norsk luftfart, seier Carlsen.

Les hele saken: Flygerforbundet skuldar staten for sosial dumping etter avtale med dansk selskap (NRK Vestland, 02.07.21)

 
Nyhet