Skip to main content
 

Treng tusenvis av arbeidarar til vinterfisket – vil ha testing på grensa

16. desember 2021

Vinterfisket, den viktigaste sesongen for fiskerinæringa, står for tur. Men pandemien herjar både innanlands og utanlands. Stengde grenser kan bli fatalt for øysamfunna. Næringa treng mellom 4000 og 5000 gjestearbeidarar. NHO etterlyser strengare kontroll for å vere sikre på at ingen kjem inn med smitte.

Fiskerinæringa går snart inn i sin viktigaste sesong. Før kom dei tilsette i fiskeindustrien frå øyvêr langs heile kysten. No er vi avhengige av arbeidsinnvandring på vinteren for å ha nok folk til å handtere dei store mengdene torsk som kjem på land. Men auka koronasmitte skaper bekymring for at ein ikkje skal få tak i nok kvalifisert personell.

No kjem vi til å trenge mellom 4000 og 5000 gjestearbeidarar ifølge regiondirektør Daniel Bjarmann-Simonsen i NHO Nordland. Men det er ikkje gitt at dei er vaksinert.

– Kan bedriftene krevje at dei som kjem hit er vaksinert?

– Dei har ikkje lov til å krevje at ein er vaksinert, men arbeidarane har heller ikkje krav på jobb. Difor er det mange bedrifter som er tydeleg på at om dei skal få jobb må dei vere vaksinert.

Difor ønsker dei no fysisk koronatesting på grensa.

Les hele saken: Treng tusenvis av arbeidarar til vinterfisket – vil ha testing på grensa (NRK, 16.12.21) 

Relaterte temaer

 
Nyhet