Skip to main content
 

Åtvarar mot useriøse bedrifter

08. oktober 2024

– Vi har sett den siste tida at det er eksempel på verksemder som held fram drifta etter at dei er tatt under konkursbehandling.

Senterleiar Øyvind Lorentzen på A-krimsenteret i Agder ber folk ta ein ekstra sjekk av verksemda ein vurderer å kjøpe tenester frå. Han råder folk å ta ein ekstra sjekk av verksemda ein vurderer å hyre:

– Vi råder å gjere gode undersøkingar før ein hyrar inn handverkarar og bedrifter. Det kan gjerast med søk i opne kjelder på internett, for eksempel i Brønnøysundregistera. Vi oppmodar også å bruke nettsida handlehvitt.no. Der ligg det mange gode tips.

Nyhet