Skip to main content
 

Utlendingar med helsefagleg kompetanse får utvida arbeidsløyve

06. desember 2020

Pandemien har gjort at helsesektoren har eit stort behov for ekstra arbeidskraft for å avlaste dei som jobbar der til dagleg. – Vi gjer ei endring slik at personar som er i Noreg, men som har avgrensingar i tilgjenget til å jobbe, men har helsefagleg utdanning, no kan jobbe. Vi må rett og slett ta alle gode krefter i bruk, seier justisminister Monica Mæland (H).

I vår blei personar med helsefagleg kompetanse bedne om å melde seg som reservepersonell for å sikre drifta i ein krevjande periode.

Behovet for ekstra bemanning i helse- og omsorgssektoren er framleis til stades. Difor opnar regjeringa for at utlendingar med helsefagleg bakgrunn, som bur i Noreg, no skal kunne bidra. Kravet er at dei er friske og oppfyller alle smittevilkår.

Les hele saken: Regjeringa vil la utlendingar med helsefagleg kometanse bidra under pandemien (NRK, 06.12.20)


Se også pressemelding: Utlendinger med helsefaglig kompetanse skal få bidra under pandemien (Justis- og beredskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, 07.12.20)

Relaterte temaer

 
Nyhet