– At det skal vere timelister ute i skogen der dei jobbar til alle tider på døgnet ... altså, dette er folk som kjem frå ei anna tidssone. For dei er det ikkje så nøye om det er dagtid eller midt på natta, sukkar eigar Bjørn Dingstad.
Selskapet har anslått at dei i plukkesesongen har 30–40 plukkarar. Dei kjem hovudsakleg frå land som Vietnam, Ukraina og Polen.
Sommaren 2024 fekk verksemda eit straffegebyr på 375.000 kroner av Arbeidstilsynet, mellom anna for å ikkje ha oversikt over arbeidstida til moseplukkarane. Verksemda nekta å betale, og tok staten ved Arbeids- og inkluderingsdepartementet til retten.
I retten meinte Norske Moseprodukter at Arbeidstilsynet ikkje hadde tatt inn over seg at moseplukkarane jobba sjølvstendig. Sol, vêr og vind avgjorde når og kvar dei skulle arbeide, sa dei.
Dei påpeika at plukkarane organiserte seg sjølve i grupper baserte på familie og vennskap. Og fordi dei hadde akkordlønn, styrte dei sjølv over eiga inntekt ved å avgjere kor mykje dei plukka. Difor argumenterte verksemda at sesongarbeidarane i prinsippet kunne ha vore sjølvstendig næringsdrivande.
Hedmarken og Østerdal tingrett gav staten ved Arbeids- og inkluderingsdepartementet medhald fullt ut.
Ein arbeidsgivar skal verne arbeidstakarar mot lang og ukomfortabel arbeidstid, og sikre balansen mellom arbeid og kvile.