Sigvald Sveinbjørnsson, dagleg leiar i Maritime Bergen, fortel at kronekursen er utfordrande.
Han viser til at innkjøp frå utlandet blir dyrare og at kronekursen går utover kjøpekrafta til gjestearbeidarane i havbruket, som i all hovudsak kjem frå Polen.
– Om krona svekkjer seg meir mot polske zloty, blir det endå større utfordringar med å få tak i folk, seier han.