Som kjent er Storbritannia etter «brexit» ikkje lenger del av EU eller EØS. Det betyr at britar som vil bu og arbeide i Noreg må søke om å få opphaldskort etter reglane for dei som kjem utanfrå EU/EØS.
SUA-kontoret i Trondheim insisterte på at dei hadde fylt ut feil skjema. Det hjelpte lite å vise til stadfestingane frå UDI om at dei faktisk hadde fylt ut rett skjema.
SUA — servicesenter for utanlandske arbeidstakarar er eit samarbeid mellom UDI, Arbeidstilsynet, Politiet og Skatteetaten for å sørge for god service og rask saksbehandling for utanlandske arbeidstakar.