Mellom prosjekta er fleire i jobb, eit trygt og organisert arbeidsliv og integrering.
Arbeidarparti-regjeringa held fram arbeidet med å tryggje alle arbeidstakarar i Noreg. Arbeidet mot sosial dumping og for fleire heile, faste stillingar held fram, særleg gjennom oppfølging av den nye handlingsplanen mot arbeidslivskriminalitet.
Regjeringa sine mål er:
- eit godt arbeidsliv med auka organisasjonsgrad,
- eit godt arbeidsmiljø for fleire,
- betre rettar for plattformarbeidarar,
- nulltoleranse for sosial dumping og arbeidslivskriminalitet
- og eit meir rettferdig og moderne yrkesskaderegelverk.