Politiet meiner mannen kan ha utnytta mellom 30 og 40 utanlandske arbeidstakarar i Sogn. Mannen vart pågripen då politiet var med Arbeidstilsynet på tilsyn ved arbeidsplassen til mannen. – Der kom det fram opplysningar som gav mistanke om at ein del arbeidarar frå Polen vart utnytta. Det går mellom anna på løn, arbeidstid og innkvartering, stadfestar politiadvokat Bernt Dahlsveen ved Akrimsenteret i Bergen.