Skip to main content
 

Nye reglar og rettleiar for innleige av avløysarar i jordbruket

20. januar 2026

Frå 1. januar 2026 gjeld nye reglar for innleige av avløysarar i jordbruket. Reglane legg til rette for at langvarig praksis med bruk av avløysarlag i jordbruket kan førast vidare. Det er no også gitt ut ein rettleiar til dei nye reglane.

Regjeringa har stramma inn reglane for innleige fordi trygge og gode arbeidsforhold best blir sikra gjennom faste og direkte tilsetjingar. Det ligg fast.

– Samstundes har det vore brei semje i landbruket, også blant partane i arbeidslivet, om at dei særskilde forholda i næringa tilseier noko andre innleigereglar enn i resten av arbeidslivet. Dette er ikkje minst viktig for avløysarane, som gjennom tilsetjing i avløysarlaga har større høve til heile, faste stillingar enn dei ville fått hos den einskilde bonden, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

Dei nye reglane sikrar vidareføring av unntaket, slik at jordbruksføretaka framleis får nødvendig hjelp og avløysing ved behov, til dømes i samband med sjukdom, ferie og fritid.

For å gjere det enklare å forstå og følgje dei nye reglane, har departementet utarbeidd ein rettleiar. Utgitt 30. juni 2023, revidert 18. mars 2024. Kapittel 6 om innleie av avløsere i
jordbruket ble lagt til 20. januar 2026. Sjå den nye rettleiaren her: Rettleiar: Innleie av arbeidskraft (PDF)

Se også: Forskrift om innleie av avløser fra avløserlag (Lovdata, kunngjort 01.07.25, ikrafttredelse 01.01.26)

Nyhet