– Me ser at serveringsstader blir brukte som verktøy i kriminalitet, seier Ove Boga er leiar for A-krimsenteret i Vestland.
Kontrollane blei gjort i ein del av serveringsbransjen som gjerne har låge krav til formalkompetanse og mange unge og utanlandske arbeidstakarar.
– Me har informasjon om stader som gjer at me vel å ta kontroll av desse. Og det me finn, er alvorleg. Men eg er dessverre ikkje overraska.
Kontrollane avdekker at nokre verksemder utnyttar menneske i sårbare livssituasjonar, inkludert tilsette med ulovleg opphald i landet.
Kundar kan også bidra til å hindra kriminalitet. Blant råda er:
– Alltid ta imot eller be om kvittering frå kasseapparatet. Også viss du får levering på døra, seier Boga.
Ved betaling med Vipps, bør du sjå at betalinga går til verksemda og ikkje til privatpersonar.