Skip to main content
 

Julenissen deltok på språkkafe

30. desember 2024

Frivilligsentralen driv språkkafeen for folk som treng trening i å snakke norsk. Rennesøy Kurs og Kompetanse driv norskundervisninga for framandspråklege arbeidstakarar på Finnøy og Fogn. Dei to verksemdene gikk saman om arrangementet for å presentere den gamle gode norske juletrefesten slik mange generasjonar tilbake i tida har feira den.

Undervisninga i norsk for framandspråklege er ein del av den statlege satsinga på språkopplæring frå Direktoratet for Høgare utdanning og Kompetanse. Gjennom statlege tilskot gjev dei språkopplæring i norsk til utanlandsk arbeidskraft som arbeider i Norge.

Nyhet