Skip to main content
 

Fleire tusen innleigde arbeidarar har blitt LO-medlem

30. mars 2025

Ingen tilsette i bemanningsselskap får jobbe på verftet på Kjøtteinen i Leirvik utan å vere organiserte. Verkstadklubben krev tariffavtale og organisering for å gå med på rotasjonsordningar for pendlarar, og Aker Solutions følgjer opp. 

– Før var medlemmane veldig passive, men så byrja folk å sjå at det var mogleg å få resultat. Dei kunne få det betre, og dei kunne få hjelp, seier Piotr Wierzbowski, klubbleiar i bemanningsbyrået Sec.

Han har rundt 400 medlemmar i klubben, og han er ikkje aleine om å leie store Fellesforbundet-klubbar med hovudsakeleg utanlandske arbeidarar på Stord.

– Dei må bli i stand til å løyse sakene sine sjølve, og dei tillitsvalde må lære kva dei kan gjere for å vere synlege for medlemmane.

Det seier Amram Hadida, som jobbar fulltid med å organisere innleigde.

– Vi i fagforeininga må også bli betre på å inkludere desse medlemmane. Dei har krav på det same som andre, legg han til.

Som tidlegare klubbleiar for Verkstadklubben (dei fast tilsette) på verftet, er han godt kjent med dei utfordringane massiv innleige gjer for arbeidsvilkår og løn.

– Tilsette i bemanningsbyråa har ikkje same tryggleiken som faste. Det er ikkje sosial dumping, men det går stort sett på minsteløn, seier Hadida.

Nyhet