EU-sak mot Austerrike for differensiert barnetrygd
14. mai 2020
Austerrikes reglar om redusert barnetrygd til familiar der barna bur i lågkostland er ulovleg, meiner EU-kommisjonen, som har starta ein rettsleg prosess.
Justeringa betyr at arbeidarar med familie som bur i EU-land som Ungarn og Slovakia, får mindre utbetalt enn dei som har familien sin i Austerrike. Det bryt med EUs reglar om fri rørsle og koordinering av sosiale tenester, seier kommisjonen, som har sendt saka til EU-domstolen.