Skip to main content
 

ELA-lova

08. november 2024

Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg fram forslag om lov som gjennomfører forordninga om innføring av ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt. Tilrådinga kjem frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet 8. november 2024, og blei godkjend i statsråd same dagen.

ELA-forordninga blei vedtatt i EU 20. juni 2019 for å opprette ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt, European Labour Authority. Forordninga tredde i kraft i EU 31. juni 2019 og blei tatt inn i EØS-avtala 8. desember 2023. Bakgrunnen er ein open europeisk arbeidsmarknad med fri rørsle av arbeidstakarar og tenester i den indre marknaden.

Det er medlemsstatane sjølve som har kompetansen til å handheve regelverket om arbeidsmobilitet, men det har vore utfordringar med handheving og utveksling av informasjon på tvers av landegrensene. Det kan gjere det lettare for useriøse aktørar å kome unna, og auke faren for låglønskonkurranse og sosial dumping.

ELA blei etablert for å hjelpe medlemsstatane og Europakommisjonen å bruke og handheve EU-retten meir effektivt på områda arbeidsmobilitet og trygdekoordinering, og skal dessutan være eit verkemeddel for (meir) rettferdig arbeidsmobilitet.

ELA skal blant anna bidra til at grensekryssande arbeidstakarar og verksemder får betre informasjon om rettar og plikter i andre medlemsstatar, og til å utvikle og styrke samarbeid mellom nasjonale tilsynsetatar og utveksling av informasjon mellom medlemsstatane. Dersom medlemsstatane ønskjer det, skal ELA kunne bidra med å koordinee samordna og felles tilsyn og kontroll på tvers av landegrensene.

ELA har ikkje nokon sjølvstendig myndigheit til å fatte vedtak med verknad for medlemsstatar. Den daglige drifta blir leia av ein administrerande direktør, og den overordna styringa ligg hos styret. I ELA sitt personal inngår ein nasjonal kontaktperson frå kvar medlemsstat, som skal fungere som eit bindeledd mellom nasjonale styresmakter og ELA.

 

Les også: Det europeiske arbeidsmarkedsbyrå (ELA-forordningen)

EU-institusjonene er blitt enige om opprettelse av et europeisk arbeidsmarkedsbyrå. Byrået skal støtte fri bevegelse av arbeidstakere gjennom informasjon, veiledning og hjelp til løsning av konflikter over landegrensene (Lovdata Europalov, u.å.)

Nyhet