Dei skriv at dersom vi skal følgje med i utviklinga i både Europa, USA og Kina, krev det både omstilling av eksisterande industri, oppbygging av nye verdikjeder og utbygging av meir fornybar kraft.
Frihammer og Søreide kjem med tre innspel til stortingspolitikarane. Eitt av dei er at det må bli enklare å tiltrekkje utanlandske talent til fylket vårt. Sju av ti manglar kompetanse til å ta i bruk kunstig intelligens, samstundes som vi veit at dette er eit stort konkurransefortrinn. Difor må regjeringa få opp farten i arbeidet med tech-visum, slik at internasjonale talent kan arbeide her. Bedriftene treng fleire med IKT-kompetanse. Her har også utdanningssystemet ein jobb å gjere.
Dei to andre forslaga er at Noreg treng ein skattepolitikk som ikkje berre sikrar privat eigarskap, men også meir innovasjon – og at Noreg må forske og utvikle meir.