Det var i alt 18 900 innvandringar til Noreg i det første kvartalet i år, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Rundt ein tredel av dei som innvandra, var ukrainske statsborgarar. Polske, syriske og svenske statsborgarar var neste i rekkja blant dei som innvandra.