Skip to main content
 

Arrangerer program for ukrainske kvinner som vil starte for seg sjølv

09. september 2024

Gjennom inkubasjonsprogrammet ReStart skal ukrainske kvinner med innovative forretningsidear lære alt dei treng for å etablere bedrift i Noreg.

– No er vi på jakt etter deltakarar som dette kan passe for, seier Daniela Gundersen, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommunen, som er ein av arrangørane, i lag med lokale samarbeidspartnarar.

– Vi veit det er mange kvinner frå Ukraina som driv bedrift i heimlandet. No skal vi bidra til at dei kan lykkast med forretningsideen sin i eit nytt land og til at dei få jobbe med det dei er gode til, seier prosjektleiaren.

Inkubasjonsprogrammet ReStart er utvikla av BSI-4Women, eit EU-prosjekt med partnarar frå Polen, Norge, Danmark, Latvia, Litauen, Estland og Sverige.

Programmet er gratis, med fem samlingar over tre månader, i Molde eller Kristiansund. Deltakarane får personleg rådgivar og mentor, tilgang til lokale og bedriftsnettverk og samarbeidspartnarar.

Nyhet