Skip to main content
 

A-krim: Meiner kriminelle medhjelparar slepp unna

25. mars 2025

Det blir gjort for lite for å ta profesjonelle som hjelper arbeidslivskriminelle, meiner Leif Vagle i Fair Play Agder. Nå blir auka innsats lova.

– Det dreier seg blant anna om advokatar, revisorar og rekneskapsførarar som er viktige medhjelparar. Og det er dessverre veldig få av desse som blir tekne.

Vagle leiar organisasjonen Fair Play Agder, og han er særs uroa for utviklinga i delar av arbeidslivet.

I nesten 10 prosent av dei 435 sakene organisasjonen hans har gått gjennom sidan 2020, har slike medhjelparar spelt ei viktig rolle.

Leiar av A-krimsenteret i Agder, Øyvind Lorentzen, innrømmer at dei ikkje har hatt godt nok fokus på såkalla «tilretteleggjarar» når dei avdekker og tek kriminelle.

 

Se også saken:

Mener regnskapsførere hjelper kriminelle: – Økning i varslinger (NRK Sørlandet, 28.03.25)

Nyhet