Skip to main content
 

Her er den nye lovfesta minstelønna i ni bransjar

22. juni 2021

Frå 1. juli har alle som jobbar i desse bransjane nye lovfesta lønns- og arbeidsvilkår. I år blir lønns-hoppet ekstra stort.

På grunn av tariffoppgjera som vart koronautsette frå mars til august i fjor, vart den såkalla allmenngjeringa av delar av tariffavtalene også forseinka. Dei nye lovfesta lønns- og arbeidsvilkåra ble vedtatt av tariffnemnda i mai i år. Nemnda valde derfor å justere opp satsane etter årets tariffoppgjer i same slengen.

Dermed blir årets hopp i minstelønna ekstra stort for arbeidstakarar som ikkje har tariffavtale på jobben. Minstelønna for ein faglært bygningsarbeidar aukar for eksempel med 10,30 kroner i timen.

Frå 1. juli, gjeld dei nye lovfesta lønns- og arbeidsvilkåra i dei ni bransjane: Reinhaldsbedrifter, byggeplassar, elektrofaga, fiskeindustribedrifter, godstransport på veg, jordbruks- og gartnerinæringane, overnattings-, serverings- og cateringverksemder, skips- og verftsindustrien og persontransport med turbil.

FriFagbevegelse har gått gjennom dei nye forskriftene, og laga oversikt over hva du har krav på om du jobbar i ein av bransjane.

Les hele saka: Her er den nye lovfesta minstelønna i ni bransjar (FriFagbevegelse, 22.06.21)

 
Nyhet