Trass i at Veronica Hauge kan kome i beit for bærplukkarar i sommar, vil ho ikkje leige inn norske ungdommar. Årsak: Dei gir seg etter kort tid og vil i staden dra på ferie. Bærbonden leiger inn 15 plukkarar i år. Dei kjem frå Polen og Litauen. Timeløna ligg på om lag 125 kroner i timen.